Enøk-senteret
Effektiv og miljøfokusert energirådgivar

Nybygg, Rehabilitering og Planarbeid

Eksisterande bygg

Sertifisering og Miljøtenester

Aktuelt

Nytilsett på Enøk-senteret
Lidvard Ytterland er tilsett hjå oss som Senior enøk-rådgjevar frå mars 2013. Lidvar Ytterland er utdanna VVS ingeniør og har bakgrunn med hovudtyngd innan inneklima, varme, kjøling og automasjon. Ytterland har i tillegg brei erfaring innan tverrfaglege innstallasjonar som både elektro, rør og ventilasjon. Han vil ha kontorstad i Breivika.…
25.02.13 10:49
Positive til energinettverk
Representantar frå 14 lokale bedrifter var samla til frukostmøte på Tussatun. Enøk-senteret saman med Tussa inormerte deltakarane om det nye Energinettverk Tussa, eit nettverk med fokus på energisparande tiltak for bedrifter som brukar over 500 000 kWh i året. Energinettverk Tussa vart presentert av Glenn Tore Solevåg, dagleg leiar ved Enøk- senteret, og Paul Rune Ingebrigtsen, Senior Enøk- rådgjevar. I samarbeid med Tussa hadde vi invitert bedrifter frå Søre Sunnmøre til å være med i dette nettverket. Glenn Tore kunne fortelje at erfaringar frå fleire prosjekt hadde vist at å delta i energinettverk gjev større gevinst enn viss bedriftene set i verk energisparande tiltak kvar for seg. Møre og Romsdal Fylkeskommune ser verdien av dette nettverket og bedrifter sitt fokus på energi- og sparetiltak, og støttar bedriftene med inntil 50 % av kostnaden ved ei Enøk- analyse. Enøk- analyse er fase 1 av Energinettverket, medan fase 2 og 3 er energileiing og tiltaksgjennomføring. Glenn Tore fortalde at også i desse fasene vil bedriftene kunne oppnå stønad hos ulike program i Enova. I tillegg til fordel med stønad, fortel Glenn Tore vidare om andre fordelar med deltaking i nettverket. Det er fagfolk hos Enøk- senteret som driv nettverket, og bedriftene får tett oppfølging i tre år. Det vert også deltaking i samlingar der medlemmane kan utveksle erfaringar og konkrete spareråd-/ tiltak. Større energigevinst er sjølvsagt den største fordelen. Senior enøk- rådgjevar Paul Rune Ingebrigtsen, kom meir inn på energisparing då han fortalde om fase 2 av Energinettverket. Energinettverket Svorka, som held til på Nordmøre, vart dregen fram som eksempel på vellukka energinettverk. Då prosjektet starta i 2010 hadde bedriftene i nettverket eit forbruk på 34 GWh. I 2012 var forbruket på 29 GWh . På to år sparte dei altså 5 GWh. I same perioda har tre av bedriftene i nettverket auka produksjonen sin betrakteleg, og likevel har forbruket gått ned. Dei lokale bedriftene som var representerte på frukostmøtet var positive til Energinettverk Tussa, og alle teikna seg til tilbod frå Enøk- senteret og Tussa.…
21.02.13 09:58
Driftsleiarar med enøk i fokus
Amfi arrangerte 31.januar i samarbeid med Enøk-senteret nytt kurs i EOS/Energileiing på Gardermoen.  Kurset er ein viktig introduksjon i samband med  oppstart av nytt enøk-prosjekt, og dei fleste av Amfi sine nye driftsleiiarar var til stades. På agendaen var informasjon om energileiing i Amfi, energimålingar og aktiv bruk av SD-anlegg. Gruppa fekk i tilegg omvisning på dei tekniske anlegg på Jessheim Storsenter. Sivert Moen i drifts-og vedlikehald-avdelinga i Amfi, og Paul Rune Ingebrigtsen og Mariann Eik frå Enøk-senteret gjennomførte samlinga. …
01.02.13 09:51
Auka kompetanse på Enøk-senteret 
Nytilsett  enøk-rådgjevar  Enøk-senteret har auka si kompetanse innan kuldeanlegg. Glenn Halnes byrja nyleg som enøk-rådgivar. Halnes har brei erfaring innan kjøl og frys,  og vil også være ein ressurs innan varmepumper.…
23.01.13 10:53
Energinettverk Tussa 
I samarbeid med Tussa invitera vi bedrifter på Søre Sunnmøre til å være med i Energinettverk Tussa. Passar for bedrifter som brukar over 500 000 kWh i året. Erfaring frå fleire prosjekt har vist seg at å delta i energinettverk, der fleire set i verk enøk-tiltak på same tid, gir større gevinst enn viss bedriftene set i verk tiltak kvar for seg. Fylkeskommuna gir støtte til bedrifter som deltek i energinettverk ved å dekkje inntil 50% av enøk-analysa som må til for å kartleggje sparepotensiale.  Fordelar ved å delta i nettverket Rådgjevarar med brei erfaring frå Enøk-senteret driv nettverket Bedrifter får fylkesstøtte til enøkanalyse inntil kr 20 000 pr bygg Deltaking i samlingar med erfaringsutveksling og konkrete spareråd/-tiltak Større Energigevinst.  Informasjonsmøte på Tussa sine lokaler i Hovdebygda 12.februar 2013 kl 09:00-10:30 Ta kontakt for meir informasjon på tlf 970 76 411…
23.01.13 10:44
.

Referansar

Amfi
Istad Kraft
Brunvoll AS
Ulstein Group
HI Giørtz

Miljøfyrtårn

 

Enøk-senteret AS