enoksenteret_150_dpi_14cm.jpg

Enøk-senteret
Effektiv og miljøfokusert energirådgivar

ENOVA-prisen 2018

Vi gratulerer 

Vi har hatt gleda av å levere rådgivingstenester innan, ENØK, EOS og Energiledelse til ASKO sidan 2015. Å kunne få jobbe med ein so aktiv og framsynt kunde er for oss privilegium. Vi på Enøk-senteret vil gratulere Torbjørn Johannson, og alle medarbeidarane ved ASKO lagera for ENOVA-prisen 2018. Vi ser fram til arbeidet for å bli klimanøytral i 2020.

Les meir her 

Enøk-senteret opnar avdelingskontor på Vågå

en_k-7637.jpg

Tanken bak satsinga er å kunne nå kundar i Gudbrandsdalen og innlandet betre.Tom Stadeløkken er Enøk-senteret sin mann på Vågå, og kontoret er samlokalisert med Nordplan på næringshagen på Ysteriet. Stadeløkken startar i stillinga 01.januar 2018. Han vil den første tida vere til stades på Ørsta-kontoret.

Stadeløkken kjem fra ei stilling i Gudbrandsdal el-installasjon på Vinstra, og var i mange år dagleg leiar av Proel i Vågå, vi gleder oss til å kunne nytte hans kompetanse innan energirettleiing og rådgjeving. 

(Solcelleanlegg ved ASKO VEST AS. Foto: Enøk-senteret AS)
(Solcelleanlegg ved ASKO VEST AS. Foto: Enøk-senteret AS)

Gratulerer ASKO VEST AS

Sola skin, også når det regnar

Vi i Enøk-senteret er glade for å kunne jobbe saman med ein så framtidsretta kunde som ASKO. Gratulerer til ASKO VEST AS med nytt solcelleanlegg, og eit viktig steg mot målet om å bli klimanøytral innan 2020.

 

https://www.nrk.no/hordaland/dagligvaregigant-satser-pa-solkraft-_-i-regnbyen-bergen-1.13720524 

Marit Stokke ny enøk-rådgjevar hjå oss

en_k-17387.jpg

Marit er utdanna sivilingeniør i energi og miljø ved NTNU. Studiet gir ei god innføring i elkraft, termodynamikk, strøyming og litt til. Med interesse for ei berekraftig framtid er ho klar for sin fyrste «skikkelege» jobb.  

Ho tok til i stillinga i november 2016 og har kontorstad i Hovdebygda

1234...9Neste