enoksenteret_150_dpi_14cm.jpg

Enøk-senteret
Effektiv og miljøfokusert energirådgivar

Millioninnsparingar med energileiing

Enøk-senteret har over fleire år vore ambassadør for Enova-programmet «Innføring i energileiing i transport, industri og anlegg». Møre og Romsdal er det fylket som har hatt flest prosjekt innanfor programmet i Noreg. Med relativt enkle tiltak er det mogleg for industribedrifter å spare millionar.

Støtteprogrammet «Innføring i Energileiing» hos Enova har vore ein sentral del av arbeidet for Enøk-senteret dei siste åra. I samarbeid med Thomas Haug frå DNV GL (Det Norske Veritas), har Enøk-senteret hatt fleire nettverkssamlingar, der dei kursar bedrifter i standarden ISO 50001.

- Vi har god erfaring med kursing av bedrifter i slike nettverk. Å samle bedrifter frå forskjellige bransjar gir betre grunnlag for idemyldring og skapar ein god dynamikk for kursdeltakarane, seier dagleg leiar på Enøk-senteret, Paul Rune Ingebrigtsen.
Suksesshistorie frå Sibelco Åheim

Ei av bedriftene som har hatt stor nytte av energileiingsprogrammet er Sibelco Åheim. Bedrifta produserer olivin, som har ein særs energikrevjande produksjonsprosess. I samarbeid med Enøk-senteret har selskapet kartlagt energiforbruket, og slik gjort ei rekkje forbetringar i produksjonsprosessen. Resultatet er redusert energibruk og kutt i kostnadene.