enoksenteret_150_dpi_14cm.jpg

Enøk-senteret
Effektiv og miljøfokusert energirådgivar

Innføring i Energileiing Tine Ørsta SA

Det er i dag signert avtale med Tine Ørsta om innføring av Energiledelse

TINE Meieriet Vest Ørsta er eit spennande spesialanlegg som produserer ei rekkje ulike ostetypar. Fordi anlegget ligg i eit område med mykje geitemjølk, er mykje av produksjonen basert på denne råvara. Snøfrisk og Edamer er kanskje dei aller mest kjende ostane som blir produsert her.

Med støtte frå Enova og bistand frå Enøk-senteret  skal Meieriet i Ørsta gjennom internprosesser følgje energiforbruket tett og etablere energieffektiv drift.

Leiarskifte i Enøk-senteret

Paul Rune Ingebrigtsen, som er nestleiar i selskapet, er konstituert som dagleg leiar i Enøk-senteret.

Vi vil med dette orientere om at Glenn Tore Solevåg har sagt opp stillinga si som dagleg leiar i Enøk-senteret. Vi ønsker han lykke til hos ny arbeidsgivar.
I lys av dette er Paul Rune Ingebrigtsen, som er nestleiar i selskapet, konstituert som dagleg leiar i Enøk-senteret.
Prosessen med å få på plass ny dagleg leiar er sett i gang.

Kvalifikasjon som sertifisør for Miljøfyrtårn

Frå 14. april 2015 er Enøk-senteret kvalifisert som sertifisør for Miljøfyrtårn.
Vi kan no tilby uavhengig 3. parts vurdering ved første gangs sertifisering og resertifisering på vegne av kommunen.
Kommunar som ikkje har sertifisør sjølv eller som har for liten kapasitet kan ta kontakt for enkelttilbod eller 

Henv. Tanja Rafteseth

 

Energileiing ved Marine Harvest

Enøk-senteret har no signert avtale om innføring av Energileiing ved produksjonsanlegga Eggesbønes i Herøy, og Ryfisk i Hjelmeland. Dette er høgt automatiserte slakteanlegg med energikrevjande kuldeanlegg. Enøk-senteret ønsker å inkludere fleire av Marine Harvest sine anlegg i prosessen.

Enova-programmet Energileiing er eit viktig satsingsområde for Enøk-senteret og vi forvaltar no ein stor del av Enova sine kundar her. Per i dag forvaltar vi store industribedrifter som Sibelco Nordic, Store Norske Spitsbergen grubekompagni, Brunvoll, Westcon Yards og Vik Ørsta, samt 20 andre industribedrifter. Vi er no glade for å innlemme Marine Harvest i porteføljen.

Industribedrifter er ofte sterkt produksjonsfokuserte, og kan ha lite oversikt over anlegga etter ein del år med utbyggingar. Felles for bedriftene som innfører energileiing er at dei ser behov for langsiktig planlegging for effektiv produksjon. Dette oppnår ein ved å følgje energiforbruk tett, samtidig som det skal takast gode val ved investeringar.

Gjennomføringsprosjekt ved Ulstein Verft AS

Enøk-senteret er godt i gang med Enøk-prosjekt ved Ulstein Verft.
Prosjektet starta med ei omfattande Enøk-analyse der det også vart henta inn prisar frå underleverandørar, og gitt samla tilbod til verftet. Vidare vart søknad om tilskot frå Enova innvilga, her vert om lag 15 % av kostnadane dekt. Målet er å spare 3 GWh/år.

Delprosjekt 1, Energimåling, er fullført i samarbeid med Tussa Installasjon. I staden for ein energimålar på heile verftet er der no om lag 40. Den finare oppløysinga har allereie avslørt kostbare feil, og energimåling blir eit viktig verktøy for å få ned forbruket. Vidare skal ein jobbe med å redusere forbruk utanom arbeidstid. Som ofte i industri er dette tomgangsforbruket høgt. Første steg blir «nattevandring» med verftet sine folk.

Fyskiske tiltak skal gjennomførast i 2015 og 16.
Det er no bestilt nye vifter og varmegjenvinnarar på dei store ventilasjonsanlegga, her skal ventilasjonskostnad om lag halverast.
Det er også bestilt varmegjenvinning frå trykkluftkompressorar, der det er mulig. Når ein veit at 90 % er varme blir dette eit godt tiltak.

Vidare skal det monterast Sentral Driftskontroll anlegg samt tiltakspakkar innan trykkluft og bygg.
For å sikre fortsatt kontroll med energibruken skal verftet sine tilsette kursast i Energileiing og følgjast opp med måleresultat. Enøk-senteret blir også involvert i skipsbygg og nyinvesteringar.

Forhånd.123456789Neste