enoksenteret_150_dpi_14cm.jpg

Enøk-senteret
Effektiv og miljøfokusert energirådgivar

Samarbeid med Istad

istad.jpg

Enøk-senteret inngjekk denne veka ei utvida samarbeidsavtale med Istad Kraft som strategisk samarbeidspart innan ein rekkje enøk-tenester. Det har vore arbeidd lenge med kontrakten, som kjem i forlenging av ein avtale som vart inngått før sommaren om drifting av energinettverk i Istad-regionen.

Avtalen medfører mellom anna at Enøk-senteret er samarbeidspartner med Istad Kraft AS på  oppfølging av Istad sine etablerte kundar innan energiovervaking, i tillegg til ulike område der Istad sine kundar har meldt eller vil ha behov for tenester innan energioptimalisering. Dette er til dømes energiombod, analyser og ikkje minst tenester mot kommunane i regionen.

Dagleg leiar på Enøk-senteret, Torger Mjønes, seier avtalen er god for både Enøk-senteret og Istad Kraft.

Partane ønskjer med avtalen å dra vekslar på komplementær kompetanse og andre synergiar innan fagområdet, mellom anna ved utvikling og videreutvikling av nye og eksisterande tenester og produkt i fellesskap.

For Enøk-senteret representerer samarbeidet med Istad eit solid bruhovud inn mot ei rekkje spennande bedrifter og aktørar i Romsdalsregionen.  

Avtalen gjeld for kommunane Molde, Aukra, Misund, Eide, Gjemnes og Fræna, og omfattar både privat og offentleg verksemd.

Forhånd.1...6789