enoksenteret_150_dpi_14cm.jpg

Enøk-senteret
Effektiv og miljøfokusert energirådgivar

struktur.jpg
Struktur og kunnskap

ENERGILEIING
Heilskapleg styring for optimal energibruk i organisasjon og nettverk

Energibruken er eit sentralt parameter for dei fleste verksemder. Energibruk medfører konsekvensar for driftkostnader, belastningar på dei ytre og indre miljø samstundes som det er eit viktig tema i samfunnsdebatten. Energileiing skal sikre at energiressursane blir utnytta mest mogleg rasjonelt. Bedrifta får reduserte kostnader og ein betre miljøprofil, noko som blir ein stadig viktigare konkurransefaktor.

Energien må bli behandla i eit heilskapleg system for at ein skal kunne oppnå effektiv og miljøriktig energibruk. Dette systemet må igjen ha ei leiing, energileiing.
Energileiing er eit verkty for leiinga på linje med økonomistyring, produksjons- eller personalleiing. Energileiing skal påverke brukarane sin energimessige åtferd, fremje energiøkonomisk drift og avdekke moglegheiter for ytterlegare innsparing. Intensjonen med energileiing er at det skal finnast rett energiinformasjon, til rett tid og på rett nivå. Ein må ha relevant og brukartilpassa informasjon for å ta dei rette avgjerdene på dei ulike nivåa i organisasjonen.

Ei sentral oppgåve i samband med energileiing, er å etablere rutinar som sikrar kontinuerleg forbetring for å avgrense, og helst redusere, energikostnadene til bedrifta. Dette skjer ved hjelp av eit styringssystem der bestemte personar i organisasjonen har fått ansvar for å utføre særskilte oppgåver innan registrering og handsaming av data, utarbeiding av nøkkeltal, informasjon osb.