enoksenteret_150_dpi_14cm.jpg

Enøk-senteret
Effektiv og miljøfokusert energirådgivar

ENERGIMERKING
Dokumentasjon av bygget sin energistatus

Frå 1.juli 2010 tredde energimerkeforskrifta i kraft. Målet med forskrifta er å auke kunnskapen om energibruk og ulike oppvarmingløysningar. Bygg som skal seljast eller leigast ut må ha ein energiattest, alle yrkesbygg over 1000m2 skal merkast.
Energimerkinga blir registrert hjå NVE, og berekna merke skal gjerast synleg for brukarane av bygget. Energiattest for yrkesbygg må lagast av ein fagperson.
Karakteren vert bestemt av bygningskomponentar, ventilasjonssystem, varmekjelder osb. Energiattesten er gyldig i 10 år.