enoksenteret_150_dpi_14cm.jpg

Enøk-senteret
Effektiv og miljøfokusert energirådgivar

ENERGIVURDERING
Energikartlegging og analyse for å identifisere lønnsame tiltak. Vurdering av ulike varemkjelder

Uansett storleik på nybygget, er det alltid eit spørsmål kva varmesystem ein skal velje. Direkte elektrisk oppvarming eller vassboren varme? Før ein vel varmesystem er det viktig å vurderer dei totale årskostnadane, i dette ligg også ei vurdering av risikoen i den framtidige kostnadsutviklinga, som til dømes tariffstrukturar.

Enøk-senteret gjer totale varmeanleggsvurderingar som viser årskostnadene for ulike alternativ. Slik får kunden ein spesifisert samanliknbar varmepris. Ei varmeanleggsvurdering gir kunden ei oversiktleg og god samanlikning mellom ulike system, noko som gir godt grunnlag for å treffe den rette avgjerda for bygget.

Enøk-analyse er ofte første steget mot redusert energibruk, den gir konkret grunnlag for vidare arbeid. Vi går gjennom anlegget med driftspersonell. 

Enøkanalyse gir: 

  • Vurdering av energibruk og samla potensial
  • Lønsame tiltak i prioritert rekkefølge
  • Tiltaksbeskrivelsar med sparepotensial og estimert kostnad. 

Enøkanalysen er eit sentralt produkt. Det kan tingast separat, eller som del av prosjekt med oppfølging. Enøk-analyse er mest aktuelt der forbruk er over 100- 200 000 kWh/år, for mindre anlegg tilbyr vi enkle besøksnotat.