enoksenteret_150_dpi_14cm.jpg

Enøk-senteret
Effektiv og miljøfokusert energirådgivar

KURS/ OPPLÆRING
Opplæring av driftspersonell for optimal drifting av bygg og anlegg

Gode medarbeidarar med god kompetanse, er ein føresetnad for at drifta av eit bygg skal vere energiøkonomisk. Enøk-senteret har høg kompetanse på formidling av energimessige utfordringar. Vi kan halde både standardiserte og skreddarsydde kurs, til dømes på energileiing, energioppfølging (EOS), drift av tekniske anlegg osb.

Gode opplæringsprogram for driftpersonell kan bidra med å senke energibruken med heile 10-15%. Enova SF tilbyr stønad til opplæring av driftpersonell og andre som gjennom arbeidet sitt påverkar energibruken i yrkesbygg og industri.

Enøk-senteret har lang erfaring og god kompetanse innan kurs og opplæring, og kan skreddersy eit opplegg ut i frå bakgrunnskunnskapane til kursdeltakarane. Opplegget vil bli gjennomført over ein eitt til to-års periode, og vil inkludere både fellessamlingar og personleg oppfølging.

Opplæringsprogrammet vil i første rekke ta utgangspunkt i behovet til deltakarane. Men det er naturleg at ein set fokus på nokre av desse tema:


Energioppfølging (EOS)
Energileiing
SD-anlegg
Inneklima på arbeidsplassen
Drift og vedlikehald av varme, ventilasjon og kjøling
Enøk i barnehage og skular
Næringsbygg
Industri
Varmepumper