enoksenteret_150_dpi_14cm.jpg

Enøk-senteret
Effektiv og miljøfokusert energirådgivar

MILJØFYRTÅRN
Nasjonal miljøsertifisering for små og mellomstore organisasjonar

Miljøfyrtårn er Noreg sitt mest brukte sertifikat for verksemder som vil dokumentere sin miljøinnsats og vise samfunnsansvar.
Å vere Miljøfyrtårn inneber systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen.
Verksemder oppfyller krav og gjennomfører tiltak for ei meir miljøvennlig drift og godt arbeidsmiljø.
Miljøfyrtårn har tilpassa krav for ulike bransjar og passar for små, mellomstore og større organisasjonar som i hovudsak opererer innlands. <

Les meir om Miljøfyrtårn på http://miljofyrtarn.no


Enøk-senteret er godkjent både som konsulent og sertifisør for Miljøfyrtårn.

Som konsulent bistår vi verksemda med arbeidet fram mot godkjenning; Drøftingsmøte, utarbeide miljøanalyse, oppfylle bransjekrav, utarbeide retningsliner og fylle ut miljørapport.
Som sertifisør på vegne av kommunen gjennomfører vi ei uavhengig 3. parts vurdering av om verksemda tilfredstiller krav til sertifisering. Ein kan ikkje vere sertifisør for verksemder ein har vore konsulent for.

Er du ei verksemd som vurderer å bli eit miljøfyrtårn? Ta kontakt med oss for tilbod om konsulentbistand;   mariann.eik@enok-senteret.no