enoksenteret_150_dpi_14cm.jpg

Enøk-senteret
Effektiv og miljøfokusert energirådgivar

ENERGIMERKING
Myndigheitskrav for mange bygg

Fra 1.juli 2010 tredde energimerkeforskrifta i kraft. Målet med forskrifta er å auke kunnskapen om energibruk og ulike oppvarmingløysningar. Alle bygg som skal seljast eller leigast ut må ha ein energiattest, og yrkesbygg over 1000m2 må merkast.

Energimerkinga blir registrert hos NVE, og berekna merke skal gjerast synleg for brukarane av bygget. Energiattest for yrkesbygg må lagast av ein fagekspert.

Karakteren vert bestemt av bygningskomponentar, ventilasjonssystem, varmekjelder osb. Energiattesten er gyldig i 10 år.