enoksenteret_150_dpi_14cm.jpg

Enøk-senteret
Effektiv og miljøfokusert energirådgivar

Miljøfyrtårn

Sidan januar 2012 har Enøk-senteret vore sertifisert som Miljøfyrtårn. I forkant av sertifiseringa gjekk vi gjennom ulike krav til både indre og ytre miljø rundt Enøk-senteret.

Miljøfyrtårn er ei nasjonal miljøsertifiseringsordning for små og mellomstore bedrifter og offentlege verksemder. Stiftelsen Miljøfyrtårn tek for seg alle prosessane i verksemda som påverkar arbeidsmiljø og ytre miljø. Vi har granska minimering av søppel, avfallshandtering og totalt energiforbruk og har eit bevisst haldningsskapande arbeid for både kundar og tilsette. Vi er stolte av å vere sertifisert som Miljøfyrtårn og rår alle bedrifter til å få si verksemd godkjent for Miljøfyrtårnsertifisering.