Analyse og Kartlegging

eit steg mot redusert energibruk

Energikartlegging og analyse for å identifisere lønnsame tiltak. I vurdering av ulike varemkjelder,  uansett storleik på nybygget, er det alltid eit spørsmål om kva varmesystem ein skal velje. Direkte elektrisk oppvarming eller vassboren varme? Før ein vel varmesystem er det viktig å vurderer dei totale årskostnadane, i dette ligg også ei vurdering av risikoen i den framtidige kostnadsutviklinga, som til dømes tariffstrukturar. Enøk-senteret gjer totale varmeanleggsvurderingar som viser årskostnadene for ulike alternativ. Slik får kunden ein spesifisert samanliknbar varmepris. Ei varmeanleggsvurdering gir kunden ei oversiktleg og god samanlikning mellom ulike system, noko som gir godt grunnlag for å treffe den rette avgjerda for bygget. Enøk-analyse er ofte første steget mot redusert energibruk, den gir konkret grunnlag for vidare arbeid.