Energiledelse

Styringssystem for betre rutinar

Energiledelse er eit verkty for leiinga på linje med økonomistyring, produksjons- eller personalledelse. Energiledelse skal påverke brukarane sin energimessige åtferd, fremje energiøkonomisk drift og avdekke moglegheiter for ytterlegare innsparing. Intensjonen med energiledelse er at det skal finnast rett energiinformasjon, til rett tid og på rett nivå. Ein må ha relevant og brukartilpassa informasjon for å ta dei rette avgjerdene på dei ulike nivåa i organisasjonen.


Ei sentral oppgåve i samband med energiledelse, er å etablere rutinar som sikrar kontinuerleg forbetring for å avgrense, og helst redusere, energikostnadene til bedrifta. Dette skjer ved hjelp av eit styringssystem der bestemte personar i organisasjonen har fått ansvar for å utføre særskilte oppgåver innan registrering og handsaming av data, utarbeiding av nøkkeltal, informasjon osv.