Kurs/opplæring

Kompetanse

Gode medarbeidarar med god kompetanse, er ein føresetnad for at drifta av eit bygg skal vere energiøkonomisk.

Enøk-senteret har høg kompetanse på formidling av energimessige utfordringar. Vi kan halde både standardiserte og skreddarsydde kurs, til dømes på energileiing, energioppfølging (EOS), drift av tekniske anlegg osb.

Gode opplæringsprogram for driftpersonell kan bidra med å senke energibruken med heile 10-15%. 
Enøk-senteret har lang erfaring og god kompetanse innan kurs og opplæring, og kan skreddersy eit opplegg ut i frå bakgrunnskunnskapane til kursdeltakarane. Opplegget vil bli gjennomført over ein eitt til to-års periode, og vil inkludere både fellessamlingar og personleg oppfølging.
Opplæringsprogrammet vil i første rekke ta utgangspunkt i behovet til deltakarane.