Open søknad

Å jobbe i Enøk-senteret er kjekt og utfordrande. Kvar dag hjelper vi kundar med berekraftig utvikling innan effektiv energibruk, samarbeid og framtidsretta løysingar. Her får du dyktige kollegar og eit tverrfagleg og spannande arbeidsmiljø – og har stor påverknad på prosjekta du er involvert i.

Enøk-senteret saman med vår eigar Nordplan og søsterbedrift Fjordvarme har eit sterkt lokalt engasjement og dei kreative fagfolka som leverer berekraftige løysingar for framtida. Nordplan familien er i vekst og utvikling, og søkjer no etter fleire ingeniørar, arkitektar og planleggjarar til våre avdelingar i Ørsta, Vågå, Nordfjord, Førde og Ålesund.

Dette er din sjanse til å bygge landet på landet!

SØK JOBB I ENØK-SENTERET

Send ein open søknad til post@enok-senteret.no

DU BØR

  • Ynskje å arbeide i eit fleirfagleg miljø
  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Vere resultatorientert
  • Ha positivt fokus på kunden og dens behov
  • Ha erfaring frå fagområdet innan privat og/eller offentleg sektor


VI KAN TILBY

  • Fleksibel arbeidstid
  • Konkurransedyktig løn
  • Faglege utfordringar, spennande arbeidsoppgåver
  • Dataverktøy vi mellom anna nyttar er Simien og One Click.
  • Godt arbeidsmiljø og trivelege arbeidskollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Har du spørsmål?

Kontakt dagleg leiar Paul Rune Ingebrigsten på tlf. 98 25 90 13 eller epost paulrune@enok-senteret.no