Sivilingeniør/ingeniør - VVS
Enøk-senteret AS er eit rådgjevingsfirma med solid tverrfagleg kompetanse innan effektiv energibruk. Vi er engasjerte i mange typar prosjekt innan bygg – industri – transport og marine næringar i landet.
Enøk-senteret er ein del av Nordplan konsernet. Samla er vi over 70 dyktige tilsette. Vi er i vekst og har behov for fleire flinke folk.
Vi har lang og brei erfaring innan energi- og berekraft-tenester. Vi ønsker i den forbindelse å styrke vår stab med ein ny framoverlent og initiativrik medarbeidar, for å ta ein posisjon i ein veldig relevant marknad.
VVS – Sivilingeniør/ingeniør
VVS er sentralt i dei fleste næringar vi jobbar med. Vi treng difor ein medarbeidar med solid erfaring innan faget og som ønskjer å bidra i eit tverrfagleg og triveleg fagmiljø.
Du kan sjå fram til ein spanande arbeidsplass med varierte oppgåver og du får stor påverknad på utvikling av VVS-tenester, prosessar og prosjekt.
Er det deg vi ser etter?
Arbeidsoppgåver:
- Prosjektering av VVS anlegg
- Energirådgiving
- Berekning og dimensjonering av VVS-tekniske anlegg
- Utarbeiding av tilbodsgrunnlag for VVS-tekniske fag
- Teknisk byggjeleiing
- Bidra til faglege utvikling i bedrifta
Andre nyttige kvalifikasjonar eller kompetanse du kanskje har med deg:
- Du deler Enøk-senteret sitt mål om å levere berekraftige løysingar.
- Du har erfaring frå VVS prosjektering, kalkylar og tekniske beskrivingar.
- Du har erfaring med 3D -modellering og BIM, gjerne med Revit som prosjekteringsverktøy
- Du har erfaring med relevant programvare for dimensjonering
- Du er sjølvstendig, initiativrik, kreativ og løysingsorientert.
Vi tilbyr:
- Variert og ein fagleg utfordrande kvardag
- Gode lønns- og arbeidsforhold
- Godt arbeidsmiljø
- Flexitid
Arbeidsoppgåvene vil i stor grad bli tilpassa kompetanse, interesse og erfaring.
Vi er samlokalisert med Norplan og Arbeidsstad for stillinga er fortrinnsvis i Ålesund eller Ørsta. Nordfjordeid, Førde eller Vågå kan også vere aktuelle.
Nysgjerrig på Enøk-senteret? Besøk vår heimeside her.