Teknisk byggeledar og ITB rådgivar

Enøk-senteret AS er eit rådgjevingsfirma med solid tverrfagleg kompetanse innan effektiv og miljøfokusert energibruk. Vi har stor fagleg spennvidde, med prosjekt for private og offentlege verksemder i heile landet. Selskapet har 7 tilsette som samla dekker dei tekniske faga i bygg, industri og transport.

Vår eigar er Nordplan, med over 50 dyktige tilsette som vi samarbeider tett med. Enøk-senteret er samlokalisert med Nordplan i Ørsta, Ålesund og Vågå. Felles for alle kontorlokasjonane er trivelege kollegaer, faglig interessante arbeidsmiljø, og nærleik til fantastiske kultur- og friluftsopplevingar. Klikke HER for meir inspirasjon. 

Enøk-senteret søkjer Teknisk byggeledar og ITB-rådgivar

Vi i Enøk-senteret ønsker å styrke staben vår med ein spisskompetent person innan VVS, Elektro eller automasjon, som ønskjer jobbe som Teknisk byggeledar og ITB rådgivar. 

Er du denne framoverlente og initiativrike personen, kan du sjå fram til ein spanande jobb saman med vårt team. Variasjonen i arbeidsoppgåver er stor – og du får stor påverknad på både utvikling av tenester, prosessar og prosjekt.

Du er sivilingeniør/ingeniør innan VVS, elektro eller automasjon med fleire års erfaring som teknisk byggeledar / ITB rådgivar. Fagleg sterk, sjølvgåande og ansvarleg – med evne og interesse for å handtere både komplekse og mindre prosjekt. Du arbeider godt og effektivt på eiga hand, men set pris på å ta del i og bidra i eit tverrfagleg og triveleg fagmiljø – og deler Enøk-senteret sitt mål om å kunne levere berekraftige løysingar for våre kundar inn i framtida.

Arbeidsstad kan du velje sjølv: Ørsta, Vågå, Ålesund eller Nordfjordeid ved flotte fjordar og fjell. 
For oss er det viktigaste å rekruttere deg som har den rett kompetanse og kjem godt overeins med resten av fagmiljøet vårt, og mindre viktig kva kontor du vel å arbeide på. 

Viktige arbeidsoppgåver vil mellom anna vere

  • Teknisk byggeledar / ITB-rådgivar 
  • Prosjektleiing og rådgjeving på byggeprosjekt
  • Evaluering tekniske tilbod og prosjektbeskrivingar 
  • Kontrahering av tekniske entreprenørar
  • Tiltaksanalyse 
  • Driftsstøtte og energikontroll/energiovervaking i driftsfase
  • Energileiing

 
Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Utdanna sivilingeniør / Ingeniør i varme-ventilasjon eller automasjon-elektro
  • Arbeidserfaring som Teknisk byggeledar og/eller ITB-rådgivar
  • Gode kommunikasjon- og relasjonsevner
  • Evne til å jobbe i team og sjølvstendig
  • Sjølvgåande og strukturert 

Enøk-senteret kan tilby

  • Utfordrande arbeidsoppgåver med spanande kundar
  • Moglegheit til å bli med utvikle eigne prosjekt og kundeportefølje
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Friheit under ansvar
  • Tiltreding etter nærmare avtale
  • Arbeidsstad ikkje langt i frå fjord og fjell

Fleire opplysningar om stillinga får du hjå dagleg leiar Paul Rune Ingebrigtsen på tlf. 98 25 90 13 - e-post: paulrune@enok-senteret.no

Bemanningsbyrå treng ikkje ta kontakt.

Søknadsfrist er 7. april 2021.

Søknad og CV sender du til paulrune@enok-senteret.no 

Nysgjerrig på Enøk-senteret? Les meir HER