VVS- og Energi/miljø-rådgjevarar
Enøk-senteret AS er eit rådgjevingsfirma med solid tverrfagleg kompetanse innan effektiv og miljøfokusert energibruk. Vi er engasjert i mange typer prosjekt innan bygg – industri – transport og marine næringar rundt i landet. Vi er 7 tilsette som samla dekker dei tekniske faga.
Som ein del av Nordplan konsernet, samarbeider vi tett med over 50 dyktige tilsette. Enøk-senteret AS er samlokalisert med Nordplan i Ørsta, Ålesund, Nordfjordeid og Vågå. Felles for alle kontorlokasjonane er trivelege kollegaer, faglig interessante arbeidsmiljø, og nærleik til fantastiske kultur- og friluftsopplevingar. Klikk HER for meir inspirasjon.
Vi har lang og brei erfaring innan energi- og berekraft-tenester. Vi ønsker i den forbindelse styrke vår stab med fleire tilsette for å dekke aukande etterspørsel innan desse tenestene.
VVS- og Energi/miljø-rådgjevarar:
Vårt ønske er å få inn kompetanse innan VVS, Energi/miljø, Kjøl/frys, Elektro/Automasjon som ønskjer jobbe saman med vårt tverrfaglege team.
Er Du denne framoverlente og initiativrike personen, kan vi glede deg med ein varierande og spanande arbeidsplass. Variasjonen i arbeidsoppgåver er stor – og du får stor påverknad på både utvikling tenestar, prosessar og prosjekt.
Du er fagleg sterk, sjølvgåande og ansvarleg. Du arbeider godt og effektivt på eiga hand, men set pris på å ta del i og bidra i eit tverrfagleg og triveleg fagmiljø – og deler Enøk-senteret sitt mål om å kunne levere berekraftige løysingar for våre kundar.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
- Rådgivar innan Energi/miljø, VVS, Kjøl/frys, Elektro/Automasjon
- Prosjektleiing og rådgjeving på bygge- og industriprosjekt
- Analyser bygg, industri og transport
- LCA - LCC berekning
- EPD og Miljøregnskap
- Energimerking
- EOS - Energioppfølging
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Utdanning med Bachelor eller Master innan Energi/miljø, VVS, Kjøl/frys, Elektro/Automasjon
- Relevant arbeidserfaring
- Gode kommunikasjon- og relasjonsevner
- Evne til å jobbe i team og på eiga hand
- Sjølvstendig og strukturert
Vi kan tilby:
- Utfordrande tverrfaglege arbeidsoppgåver med spanande kundar
- Utvikle eigne prosjekt og kundeportefølje
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Friheit under ansvar – fleksibel arbeidstid
- Tiltreding etter nærmare avtale
Arbeidsstad for stillinga er i Ørsta, Ålesund, Nordfjordeid eller Vågå.
Fleire opplysningar om stillinga får du hjå dagleg leiar Paul Rune Ingebrigtsen på tlf. 98 25 90 13 eller e-post: paulrune@enok-senteret.no
Bemanningsbyrå treng ikkje ta kontakt.
Søknadsfrist er 7. april 2021.
Søknad og CV sender du til paulrune@enok-senteret.no
Nysgjerrig på Enøk-senteret? https://www.enok-senteret.no/