Coop Ottadalen - Større butikk, mindre energibruk

Utanom dette prosjektet har Enøk-senteret levert energi-analyse for alle butikkar, og Vi følger opp energibruken kontinuerleg. 

Dei fleste som flyttar til større hus har opplevd at straumrekninga stig. Ved COOP-bygget i Lom fekk dei oppleve at det motsette kan skje. 

I 2017 vedtok dei å utvide butikkarealet med 400m2. Det nye COOP-bygg inneheld butikkane COOP Extra Lom, Vinmonopolet, Apotek1, Bergom Klær sko sport, i tillegg til tannlegesenter.

 Med god planlegging av den nye butikken brukar dei likevel 20 prosent mindre energi. Slik sparer dei over 300 000 kroner på den årlege straumrekninga.

Daglig Leder Rune Fossmo, som har ansvaret for COOP sine butikkar i Ottadalen, fortel:
«Vi fekk inn to nye leietakarar og måtte utvide butikken. Då vart det også naturleg å få vurdert dei tekniske anlegga, vi såg mellom anna at både kuldeanlegg og ventilasjon var utdatert, så vi ønska å fornye dei.

Rune Fossmo søkte råd hos Enøk-senteret sitt kontor i Vågå, for rådgiving.
«Tom Stadeløkken ved Enøk-senteret tok dialogen med leverandørane og var ein uvurderlig støttespelar. Dialogen mellom han og leverandørane førte til ei rekke forbetringar, tilleggskostnadane var fort inntent»

Ei av dei beste løysingane var innspelet om å velgje dobbel varmegjenvinnar i ventilasjonsanlegget, slik kjem 90 prosent av varmen tilbake til butikken. Saman med val av klimavenleg kjølemedium på kjøle/fryseanlegget gjev dette en god besparelse for Coop Ottadalen.

Støtte frå ENOVA
Coop Ottadalen har motteke over 1 mill. kr. i støtte på dette prosjektet grunna val av gode løysingar.

 Rune Fossmo er glad for besparelsane men også for at miljøavtrykket er redusert.
«Vi er stolte av resultatet. Vi som driv butikk har ansvar for kundar og butikkdrift, men også for miljøet. Det er kjekt å få til ei løysing som er god for både økonomi og klima» seier Rune.

COOP-bygget brukar i dag 26 000 kWh mindre i straum per månad. Det er en besparelse på godt og vel 312.000 kroner om året.  Rune Fossmo og Enøk-senteret håper å få forbruket endå lengre ned. I 2019 har COOP etablert web-basert energiovervaking, der ein måler dei store forbrukarane. Slik kan ein kartlegge eventuelt overforbruk og sette inn tiltak der potensial for nye investeringar er best.

 «Vi har kome inn i ein god sirkel. Vi ser at tiltaka verker og at effektiv energibruk er ei god investering. Då er vi sjølvsagt motiverte for å gå vidare ned nye tiltak», seier Rune Fossmo.

Enøk-senteret har fungert som COOP Ottadalens eksterne rådgivar og har både gitt råd om nye løysingar, forhandla med leverandørar og kvalitetssikra at tilbod dekker behovet til rett kostnad.https://cms.atom.no/download.a...

Prosjekteigar: Coop Ottadalen ved Dagleg leiar Rune Fossmo
Fagområde: ITB-koordinator. EOS.
Stad: Lom
År: 2018 - til i dag