Hareid Kommune - Renovering Rådhus

Rådhuset hadde behov for renovering. Inneklima var dårleg og energibruken unødig høg. Enøk-senteret støtta kommunen i prosessen, frå vurdering til fullføring. Vår eigar, Nordplan AS sto for byggteknisk prosjektering og byggeleiing.

I tillegg til ei generell fornying fekk bygget ny isolasjon, nye vindauge, LED-lys med lysstyring, Sentral driftskontroll, og nytt vassbore varmeanlegg. Enova støtta dei fleste av desse investeringane. 

Sidan bygget har vassboren varme kunne kommunen gjere avtale med Fjord1 AS om å hente spillvarme frå ladestasjon for elektrisk ferje, som var under bygging like ved. Varme blir løfta til rett temperatur med varmepumpe som er svært effektiv når den jobbar med temperert vatn. 

 Sommaren 2019 flytta ein inn i nye og tidsmessige lokale. Ein har fått ein langt betre arbeidsmiljø, og energibruk se ut til å bli redusert med over 200 000 kWh per år. Det utgjer om lag 35 prosent. Varmepumpe med spillvarme frå Fjord 1 sin ladestasjon vart sett i drift våren 2020. Ein håper å kome opp mot 45 prosent reduksjon med denne.

I 2021 vart systemet med spillvarme frå Fjord1 sin ladestasjon utvida til å dekke nytt Helsehus. - Også her med støtte frå Enova.

Prosjekteigar: Hareid kommune ved einingsleiar Pergunn Rødseth Gjerdsbakk
Oppdrag: Fornying Hareid rådhus
Fagområde: Byggteknisk, VVS, SD-anlegg, belysning, spillvarme/varmepumpe
Stad: Hareid
Areal: 2800
År: 2019 - til i dag
Fornybar energi: Varmepumpe, spillvarme frå el-ferge