Tenden-Energiledelse

Thor Tenden Transport AS er ei tradisjonsrik bedrift med drift i over 70 år. Dei reine blå bilane legg ein lett merke til i virkeområdet Stryn- Austlandet/Bergen/Trøndelag/Nordfjord. Samarbeidet med TTT AS blei ein milepæl for Enøk-senteret, då det var den første transportbedrifta vi hadde som kunde. 

Samarbeidet bekrefta at utfordringa med energi, er lik i denne bransjen som i anna industri og eigedom. Kjennskap og riktig bruk av ny teknologi, oversikt av forbruk og bevisstgjering av egen adferd er dei lavthengande frukter. Enøk-senteret har følgt opp innføring av energiledelse i bedrifta, gjennomført analyse og rådgivar innan EOS.
Thor Tenden Transport AS , blei ein av dei første til å innføre energiledelse for landstransport i Norge. I prosessen fatta også interessa for fornybar energi inn, og blei ein av dei første til å bestille ein hydrogendriven Nicola One.

Prosjekteigar: Rolf Olav Tenden, Dagleg leiar
Oppdrag: Enøk-senteret har hatt ansvar for kursing og innføring av energiledelse, analyse, bistand energioppfølging og Enova søknadsarbeid/rapportering.
Fagområde: Har jobba kontinuerleg med tverrfagleg rådgjeving. Fag vi har jobba med er mellom anna organisasjonsutvikling, motorteknologi, karosseri ,aerodynamikk, dekk og friksjon , flåtestyringssystem.
Stad: Stryn