Ulstein Verft, Energisparing i Industri

Ulstein Verft set høge standardar for drifta, og gjorde i 2011 å avtale med Enøk-senteret for å vurdere det landbaserte forbruket. Vi følger opp energibruken kontinuerleg, og har bidratt med prosjekta under.

I åra 2013-16 leverte vi følgande:
Web-basert energioppfølging, med energimåling for kvart bygg, og større energibrukarar som trykkluft, varmeanlegg o.a.
Oppgradering av 8 større ventilasjonsanlegg. Anlegga fekk effektive varmegjenvinnarar, og stillegåande, effektive kammervifter med frekvensstyring. Også automatikk vart oppdatert med ny software. Slik sparte ein om lag 30 % til ventilasjon.
Varmegjenvinning frå trykkluftkompressor: Verftet har stort forbruk av trykkluft, og det er stor varmeutvikling ved kompressorane. Vi monterte system for å hente spillvarme og levere til bygg. Eitt bygg er varma slik, men systemet har ledig kapasitet, og nye bygg er planlagt tilkopla. Sentral Driftskontroll: Verftet har mange bygg og endå fleire tekniske anlegg, så det er krevjande å drifte alt.
Sentral Driftkontroll gir styring og oversikt frå PC/Web.  Alle ventilasjonsanlegg og varmeanlegg er tilkopla, og ein har god innsparing med tilpassa driftstid i kalender, nattseinking, tidleg oppdaging av feil o.a. Samtidig sparer ein ressursar, sidan anlegga ligg spreidt og det meste no kan styrast frå PC. Innsparing ligg på 10-15 %.

I 2017-18 køyrde vi prosjekt med Energiledelse, støtta av Enova. Energioppfølgingssystem vart utvida, og det vart innført system for Energiledelse. Generelt ventar Enova at ein sparer 10 % på denne prosessen. Nye energianalyser avdekka fleire tiltak, på landanlegg, men også på skipsbygg og ved landstraum. Dieselmaskiner er energikrevjande, så potensial ved elektrifisering er godt. Ein jobbar no med prosjektering på fleire tiltak, innan spillvarme, elektrifisering, byggdrift o.a.

I 2020-23 har vi påbegynt nærvarmeanlegg for spillvarme i samarbeid med Ulstein verft. Lager og velferdsbygg fekk vassboren varme, frå trykkluftkompressor i servicebygg. Denne kompressoren leverte allerede til servicebygget. Verftet ønsker å gå vidare til fleire kompressorar og bygg.

Enova kunnskapsportal om prosjektet: Energiledelse i verftsindustrien

Prosjekteigar: Ulstein Group, Rolv Bakke, Sjef vedlikehald
Oppdrag: Enøk-senteret har vore prosjektleiar for kursing og innføring av energiledelse, energioppfølging, gjennomføring tiltak, Enova søknadsarbeid/rapportering og generell ENØK-berekning og rådgiving.
Stad: Sunnmøre, Ulstein
Areal: Ca 25 000 m².
År: 2011- til dags dato
Fornybar energi: Spillvarme.

RELATERTE PROSJEKTER